torsdag 9. juni 2011

Plutselig vekke, plutselig tilbake

 10 cm før eg kunne starte på mønsterdelen av arnecarlos-genseren min vart oppskrifta sporlaust vekke. Eg var djupt beskymra for om eg hadde gløymd den att på ein av mine mange cafe-besøk, men igår, 3 månadar etter at eg såg den sist, var den tilbake! Nok ein gang har det vist seg at det aldri lønar seg å rydde, for det var tydlegvis under ei slik økt at oppskrifta kilte seg på ein mystisk stad i sofaen. Uansett, no er den tilbake!


Raggsokkane er og endeleg ferdig. Denne veka har vært alt anna enn strikkeffektiv. Sikkert like greitt sidan våren er komen og ein kanskje bør bruke meir tid på å nyte flott vær enn å være inne å strikke?
Tanteteppet går sakte på fram. Det har lagt lenge på jobben, men ein skal kanskje konsentrere seg om jobb når ein er på jobb, så eg tok det heim att. No skal eg strikke denne ferdig før eg gjer noko anna

1 kommentar: