fredag 11. november 2011

Lønningsdag!

Lønningsdag er ein dag der ein kan skjemme seg sjølv vekk. Idag gjekk eg innom husfliden, og fekk meg litt spøt til kaffien. Nye pinnar vart det og, denne gangen rundpinne nr 9!


Strikketøy og cafebesøk er noko som er lett å kombinere. På den måten kan ein være effektiv samtidig som ein er sosial. Samtidig kan ein og få karre til seg nokre komplimang, og det er jo alltid kjekt! Som i sommar då eg hadde meg ein togtur til Oslo, og på vegen heim att var det ei østlandsdame og ein Canadisk dame som syns selbuvottane mine var veldig fine. Faktisk så var det rein lukke at eg fekk vottane med meg heim att til vestlandet, eg var nemleg på spasertur i tigerstaden, og medan eg gjekk høyrde eg ein klirrelyd. Eg stoppa opp og tenkte "Den der lyden der høyrde veldig ut som strikkepinnane mine"... Eg snudde meg, og jada. Der låg ALT innhald i sekken min strød utover fortauet! Ei hyggelig dame plukka opp eine nøstet mitt til meg, og alt det andre klarte eg å sope opp før nokon andre tok det. Eller bilande kjørte over det.

1 kommentar:

  1. Skjønner godt de damene, for selbuvotter er fint! Det er fortsatt like morsomt å strikke selv etter utallige par. Handling på Husfliden og kafebesøk høres koselig ut. God helg!

    SvarSlett