mandag 23. desember 2013

o jul med din glede og boka som ikkje var her

Etter å ha mast i to år har eg endeleg fått julepresangen min frå 2011, litt på etterskot, eller kanskje nokre dagar for tidleg - om den skulle vore 2013 julepresangen. No er den her, og eg er så nøgd! Kva snakkat eg om? Jo eg snakkar om fiskartrøya frå Austevoll. Ikkje veit eg kven som har laga oppskrifta, einaste eg veit er at ein gang i tida så hadde Austevoll husflidlag denne oppskrifta, og her er resultatet.


Har du nokonsinne sett ei så flott jakke før??


Til tross for ei gamal oppskrift, som hadde blitt kopiert ein gang eller ti for masse på 90-talet, så vart faktisk resultatet bra! Eg skal ikkje ta æra for denne bragden, for det er ikkje eg som har strikka denne gangen. Eg har berre fått.

Siden eg har fått denne flotte kofta, har eg strikka noko fint (og litt mindre i størrelse) til strikkedamen, men siden dei strikketøya enda ligg innpakka kan eg ikkje avsløre det enda.


I helga hadde eg planar om å strikke masse, eg er nett ferdig med å strikke masse votter, og eg kunne faktisk tillate meg sjølv å byrje på eit nytt prosjekt. Eg tenkte at nøstebarn var eit flott helgeprosjekt, men då laurdagen kom, og eg klarte å stå opp i tide til å nå husfliden før den stengte, så gjekk eg til innkjøp av ein god dose finull frå rauma. Strikkekåtheten tok meg, men eg hadde ikkje oppskrifta på genseren. I eit desperat naudrop på facebook spurte eg om det var nokon som hadde boka "strikk på nytt". Det var ingen som svarte.

Så då måtte eg sitte å sjå på garnet istedenfor. Når ein er klar for eit gøyalt rundfellingsprosjekt i spreke farger er det jo ingen som har lyst til å strikke på nøstebarn! Så då sat eg der, og googla meg grøn, men det var jo ingen plasser der det stod kor mangen masker eg skulle legge opp til erma. Stort surefjes!

No er eg atter ein gang gjenforent med strikkeboka, og masker er lagt opp. Bråtet på første erm er 2cm.

To be continued.

4 kommentarer:

  1. For ei nyyydelig jakke!! Hvor er et mulig å få denne oppskriften?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Anita! Visst du kontakter Austevoll husflid enten ved mail, telefon eller facebook så lar det seg nok ordne med oppskrift! Oppskrifta er litt "gammeldags", men fullt ut leselig! Den er strikke i finullgarn frå rauma, og er veldig mjuk. Og varm :)

      Telefon 56 18 04 38
      E-postadresse husflidskrokjen@hotmail.no

      Slett
    2. Tusen takk for opplysningene og god jul til deg :-))

      Slett
  2. Utrolig flott jakke! En slik skulle en gjerne hatt ;-) Håper du får en fin nyttårsfeiring.

    SvarSlett