torsdag 23. juni 2011

Juleproduksjonen har starta!

Idag er det eit halvt år til lille-julafta, noko som tyder på at jula nærmar seg. Eg har derfor starta årets produksjon av julepresangar. Det er nok lite taktisk å legge ut bileta på bloggen, men eg satsar på at den næraste famillien ikkje leser denne bloggen, så eg tar sjangsen!


Ifjor fekk fire vaksne vottar, ei fekk hue og skjal, dei små fekk leikar og han som aldri frys fekk DVD. I år er det 7 vaksne og 3 born som skal ha presangar, og det er aldri for tidleg  å starte, ihvertfall ikkje når presangane skal vere heimelaga. Hugsar med gru fjoråret, når ei fekk presang som enda hadde spøtepinner på hua..

Sidan vottar tydlegvis var ein suksess fortsett eg på det iår. Det er riktignok begrensa kor mangen votter ein treng, men å ha to par selbuvotter å variere mellom har vel aldri skada? Eventuelt kan eg jo selge dei og bli rik (optmist!). På mandag vart abstinensane etter å strikke selbuvottar for store, og idag er det torsdag og eg har gjort ferdig første vott. Flink! Sidan eg har fri idag reknar eg med å bli ferdig med denne votten idag, så får eg pønske ut kva neste julepresang skal bli. Sparkjøp-lubber eller ekte tradisjonsstrikk? Her er det rikelig med garn å ta av, så tiden får vise!



1 kommentar:

  1. Flotte votter:)
    Ble tatt godt i mot selbuvottene jeg ga bort til jul også :)

    SvarSlett