mandag 6. februar 2012

Slaps og vinter på vestlandet

Eg har aldri vært ein tilhengar av snø. Minusgrader er fint, for da kan eg ta på meg strikkeklærne mine, men idag når eg skulle på jobb så oppdaga eg at føre var 20cm med slaps. Didd. Som alltid var eg antrukket mine goretex-tursko, som vanlegvis har ein grei motstand mot både fukt og kulde , men idag skulle det vise seg at dei etter 10 steg vart søkk gjennomvåt. 400meter seinare sklei eg, og dermed vart joggebuksa og våt. Fin start på dagen? Ein travel dag seinare, skulle eg ned i garderoben for å skifte. Skoene var framleis våt, det var ullsokkane og joggebuksa og. Eg var ikkje blid, og betre vart det ikkje av at ei påpekte at "du kunne jo skodd deg litt betre". Det er så irriterande når andre har rett!

Heldigvis viste det seg at det var ein sanning i at ull vert ikkje kald sjølv om det er vått. Litt ubehagelig var det å kjenne på fukten, men ikkje verre enn at eg kom meg heim utan å pådra meg lungebetennelse.

Har eg fortalt om dei nye støvlane mine?



Mine nye selskinnstøvletter! Eg kjøpte dei før jul, men regn og vind gjorde at dei låg fint innpakka i eska i fleire veker før eg endeleg tok dei på meg, berre for å sitte inne med dei. Dei er fine, og dei var dyre, så desse må eg ta godt vare på. Butikkmannen svarte at "Det er jo ikke sjøstøvler" på mitt spørsmål om kor mykje fukt dei tålte, noko som gjer at eg ikkje tørr gå ut med dei dersom det snør. Eller regnar lett. Ergo, eg har ikkje fått brukt dei så masse, eg bur jo tross alt i Bergen!

Så skulle det jo vise seg at det var ihvertfall to damer i Bergen i dag som har blitt observert med selskinnsko. Kunne eg brukt desse likevel idag? Søren! Det hadde jo vært perfekt, varm og tørr. Og vakker. Sukk..

Siden dagen starta så vått vart det lite strikking idag. Eg har fått yatzi på mobilen (om eg har nemnd dette mangen gongar før så ber eg om orsak, eg trur eg er byrjande dement) , og er i ein yatzy-psykose, besatt av å slå min personlige rekord (362 for dei som lurer).

Eg er eit konkuranse menneske, og når eg og tanta mi starta på lik genser samtidig var eg fast bestemt på å bli ferdig før ho. Så langt er eg komen:



Tanta mi leverte ferdig genser til kusina mi idag. Ingen tvil om kven som var vinneren her! :O)

Til mitt forsvar har eg jo strikket på andre ting, har jo som tidlegare nemnd strikka ferdig eit babyteppe - og no har eg starta på eit nytt. Best å vere ute i god tid! Grønt og kvitstripete, strikka på skrå. Dette for å få garantert kvadratisk teppe. Tilslutt skal eg hekle på raud kant, det trur eg blir stilig!



Teppe og bestebuksa

Også strikke eg eit til par selbubaby, det viste seg nemleg at det var litt etterspørsel etter slike!


God strikkeveke til meg, og deg!

2 kommentarer:

  1. Kan ikke annet enn å le....synes du var godt skodd for forholdene jeg:) Har hatt selskinnstøvler en gang i tiden, og mener å huske at jeg brukte dem bare når det var veldig kaldt, altså ikke i våt snø eller slaps.
    SÅ mye fint du har strikket! Ble påvirket av deg jeg, så nå har jeg kjøpt mønsteret til Cortina-genseren jeg også! Den er jo så fin!!!!!!
    Ha en super dag! Håper du får brukt de flotte støvlene dine snart! Klem :)

    SvarSlett
  2. Heia Stine!
    Flotte selskinns-støvletter! :-) Tror ikke du trenger å være redd for at de blir litt fuktige, selen lever jo i havet....Så litt fukt tåler de. Jeg har brukt mine i hvert fall i 10 år, og ja de har vært våte mange ganger! Jeg har til og med vasset over elver og bekker med de en gang vi var på fjelltur og ble overrasket av vårsmelting... Men det du må være forsiktig med er at du ikke tørker dem ved sterk varme (rett ved siden av en ovn eller slik).
    Misforstå meg rett.. :-) Jeg hadde brukt støvler viss det regner, men tror ikke du trenger å være redd for å bruke de såfremt det er minusgrader i lufta... :-)

    SvarSlett