Idag kom det pakke i posten! Nøstebarn hadde tilbod på nettbutikken , så eg slo til og kjøpte bok, fargekart og to blå nøster! Samlingen med fargar aukar, slik at eg nærmer meg moglegheiten til å lage eit stilig resteplagg! Helga kjem på ingen måte til å bli keisam!
fredag 6. mai 2011
onsdag 4. mai 2011
Mykeste myke jakke
Ja, da var den ferdig! Mykeste myke jakke, strikket i mirasol alpakka garn. Enkelt flette mønster, fin farge og nye knapper fra knappehuset. Hurra!!
| Jakken saman med kjolen og sokkane strikket i samme type ull |
| Flettemønsteret kjem til sin rett når det blir strekt litt ut |
| Jakken! |
| Har vært å snopt nye knapper på knappe huset |
| Og knappehuset er farlig... Endte også opp med desse knappane. Veit ikkje heilt kva eg skal bruke dei til.. |
tirsdag 3. mai 2011
Siste innspurt!
Forrige veke starta eg på mykeste myke jakke, og det har gått radigt unna. Strikket ermene paralellt siden dei erfaringsmessig er dei mest keisamme å strikke. Forstykkene tok eg i helga + starta på bakstykket, og bakstykket vart ferdig idag. Brukte like i underkant av tre nøster med mirasol fra du store alpakke, i farge blå. Fargen kjem ikkje til sin rett på desse bileta, det er eigentleg meir lilla/blå.
Mønsteret er fra boka myk start, og i oppskrifta er den strikket med cashmir. Cashmirull får bli til ein annen gang, det fungerte og fint å strikke den i alpakka! No gjenstår resten av monteringa samt.... Knapper. Usikker på om eg skal bruke fra knappesamlinga eller om eg skal investere i nye? Any thoughts?
| flettemønsteret , genialt, kunne strikke det uten å sleppe maskene av pinnen! |
søndag 1. mai 2011
Gjensyn med jula
Da har eg endeleg fått dokumentet det siste votteparet eg gav vekk jula 2010. Raude og kvite selbuvotter strikket i 2tråds gammelserie. Eg har alltid følt at gammelserien er litt "hardt", men når eg kjenner på desse vottane som har vært i bruk sidan jul, så kjenner eg at dei har vorte mjuke! Garnet er drygt i bruk, og mønsterfargen kan faktisk brukast til to vottepar, dersom ein ikkje sløser sjølvsagt.
I bileta under finn de julepresangane 2009. Dei var sjølvsagt ikkej ferdig til jul, ho mor fekk ein stk sokk i presang, med kort og lovnad om å bli ferdig med andre sokk + eit par til om ikkje så lenge. Ho var faktisk så heldig at ho fekk feste trådane på det siste sokkeparet sjølv! :O)
| Lo godt når eg kom heim før jul, og oppdaga at ho mor hadde kjøpt svarte og kvite vottar i same mønster som sokkane eg skulle gje ho (Er det dette ein kallar kjerringhumor...?) |
Sokkane er strikka i peer gynt garn fra sandnesgarn, og mønsteret fann eg i mønsterhefte "til fjells" frå same firma.
Abonner på:
Innlegg (Atom)