torsdag 29. desember 2011

Fanajakke: Check!

Ja, då var den store dagen her! Fanajakken er ferdig! Det er nesten så eg har lyst å skrive det med caps lock, men eg skal prøve å beherske meg. Idag har eg klupt, sydd, strikka og sydd i knappar. Litt trådar har eg festa og. Syns resultatet vart bra!

Er glad eg strikka hua på førehand, ellers hadde det nok blitt med jakken. No manglar berre tre duskar, så er hua ferdig og.


Tralalala :)

Live from Bergen

Meir nervøs enn nokon sinne

søndag 25. desember 2011

God jul!

Håper alle får ei strålande julefeiring!

Deler av årets julepresangar vart heimespøta, og siden eg var uproff i fjor og gløymde å ta bilete ifjor, tok eg årets bilete ( og skreiv dette innlegget) i god tid før jul! Det vart tre par selbuvetter, to sjal og eit par sokkar.

Sjala vart strikka i fairytale, starta med tre masker og auka ei maske på kvar omgang. Eit nøste rakk til eit sjal. Så store vart dei ikkje, men dei varmar no likevel.

Sokkane har eg strikka før, og oppskrifta fann eg hos Du Store Alpakka. Ein bruker ein tråd fairytale og ein tråd babysilk. Deiligt mjukt garn!


Juleband nederst med anklane

torsdag 22. desember 2011

Arm: check

Arm #1 og #2 er no klippa opp og sydd i! Det var nervepirrande, og det kom nokre gloser når eg sat over symaskina... Då e det berre kantar og midtlinja som skal klippast opp! Hurra!!