søndag 25. desember 2011

God jul!

Håper alle får ei strålande julefeiring!

Deler av årets julepresangar vart heimespøta, og siden eg var uproff i fjor og gløymde å ta bilete ifjor, tok eg årets bilete ( og skreiv dette innlegget) i god tid før jul! Det vart tre par selbuvetter, to sjal og eit par sokkar.

Sjala vart strikka i fairytale, starta med tre masker og auka ei maske på kvar omgang. Eit nøste rakk til eit sjal. Så store vart dei ikkje, men dei varmar no likevel.

Sokkane har eg strikka før, og oppskrifta fann eg hos Du Store Alpakka. Ein bruker ein tråd fairytale og ein tråd babysilk. Deiligt mjukt garn!


Juleband nederst med anklane

1 kommentar: