torsdag 22. desember 2011

Snart tid for den o'store symaskin

Ja, no er eg ferdig med bolen. Siste innspurt går som alle veit seint, o genda seinere går det når ein innser at det enda er mykje arbeid att. Kvelden har gått med til siste forberedelser før eg skal sy i saumar slik at eg kan klippe opp foran, og til ermene. Eg er litt nervøs.





Etter at eg var ferdig med bolen la eg alle trådane. 
Eg sydde hua i toppen. Hua skal ha fire duskar , og dei har eg starta på no. Eg mistenker at det kanskjse kan bli ein av dei største utfordringane.

Så det som gjenstår er:

  1.  Sy i saumar og klippe opp
  2. Montere ermer
  3. Strikke kantane
  4. Strikke halsen + montere denne
  5. Kjøpe knappar
  6. Sy i knappar
  7. Lage 4 duskar
  8. Sy i duskar
  9. Legge dei siste trådane
Det kan sjå ut for at eg var litt vel optimistisk då eg tok med heklenål og tråd "i tilfelle eg vart ferdig med jakken".. Nei, no skal eg ikkje vere negativ, dette er egentlig lett arbeid!

God jul! :O)










1 kommentar:

  1. Blir spennende å se hvordan det går! Jeg har aldri gjort det før, og syns det ser ut som galskap å begynne å klippe i! hehe. Lykke til, du får det nok til :)

    SvarSlett