Men ikveld var eg innom Hjerte-go sin blogg, og hennar raglansfelling var jo majestetisk! Eg hadde jo strikka mangen omganger med raglan allereie, men det er aldri for sein å snu...
Eg siterer: "Strikk 2 masker vridd r saman". Vridd rett saman...
Her kjem ein biletserie med min konklusjon. Håper andre strikkere får nytte av dette.
| Tre masker att før markøren. To masker skal strikkast saman, siste maske før markør skal strikkast rett. |
| Om eg ikkje tar feil, så er no denne maska "vridd" |
| Dette er måten eg har strikka maskene saman på før. Det er dette eg no har funnet ut mest sannsynleg er feil. |
| Medan eg trur det er riktig å strikke maskene samen BAKfra. |
Eg burde vel strengt rukket opp att all raglanfelling som er feilstrikka, men sidan eg er lat (og eg framleis er usikker på om den "nye" måten å felle på er den rette) så berre strikker eg videre. Ho som skal ha plagget er liten, og merker sikkert ikkje feilen. + At formålet med denne genseren er at den skal UNDER denne sparkebuksa, så da ser ein ikkje raglansfellinga uansett. Please forgive me!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar