torsdag 8. desember 2011

Ferdig med ein - så vart det ein til!

Når eg var ferdig med rullegenseren bestemte eg meg for å være flink og strikke ferdig litt UFOer. Eg var flink, og gjorde ferdig sokkane som eg starta på "berre på gøy". Når eg var ferdig gjekk eg i garnskuffa og fann litt meir sokkegarn. Typisk! Typisk prosjekt som eg strikker litt på, også legg eg det vekk. Men neida, eg hadde så masse pinner at eg tok rett og slett litt paralellstrikk! Så no er eg ferdig med bråtet på begge sokkane, og alle som strikker sokker veit at dette er den mest keisamme delen..

Ferdige sokkar - Vikingragg

Ikkje ferdige sokkar - Sportsragg


Igår gjorde eg og ein ny oppdagelse... Epla... Så mykje fint! Og så enkelt! Så eg starta like godt ein butikk! Ja, Stine er no butikkeigar! Stinestrikk-namnet var diverre opptatt så eg måtte ta eit anna, men er godt nøgd med det. Har ikkje så masse lekkert inne enda, men har litt i kista som må vekk, så eg prøver no lykken! Det som var kjekkast var jo å sjå alt det fine som folk rundt omkring lager! Bestilte meg fluesopp-øyredobbar idag. Om dei kjem før jul vert dei julepresang. Dersom ikkje, så går dei til meg. Grei deal!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar