torsdag 1. desember 2011

Oppryddning del 2

Sidan jula nærmar seg må eg rydde litt så eg får det litt julekosleg her i heimen. Første steg på vegen: Rydde opp i nye og gamle strikkeprosjekt. Heldigvis har eg i det siste vært flinkare til å gjere ferdig ting, men det er jo så kjekt å starte på nye. Akk, den forferdelige strikkekåtheita! Her må det sorterast!

1: Samle alle strikke-prosjekt:



  1. Arne og Carlos genser
  2. Fanajakke
  3. Rullegenser
  4. Sokker
  5. Babyteppe
  6. Sjal  *rakk denne opp, ikkje levedyktig*
  7. Pulsvarmarar *Rakk desse og opp, berr tull å strikke dei for store*
  8. Restebukse
  9. Bestemors/oldemorsrutene


Ok, lista vart ikkje like lang denne gangen, men det hadde vært fint å for ein gang skyld få alt ferdig!

Neste steg på vegen:

2: Rydde ut av "rotekista"

I rote-kista har eg lagt alle broderisakene som eg nesten aldri bruker. Funn:

Rødt tøy bakerst, kjøpt for å sy på baksida på nokre handplagg eg broderte nokre år tilbake. Stramei, som nok kan brukast til å brodere bringeduk. Ein flik med broderi for å teste ut fargesamansetningen til bringeduken min og til sist: eit minihåndplagg. Har ikkje planer om å sy den ferdig... :)

Broderitråder. Dei til venstre vart kjøpt for å brukes. Dei til venstre vart kjøpt fordi dei var på tilbod. Dette er no sikkert 2 år sidan.

Litt pels. Pelsmonstandarar: Vær så snill  å ikkje drep meg.. Det er tre hovuder, vaskebjørn og to rever, trur eg. Veit ikkje heilt kvar eg skal bruke dei til.. Den kvite dusken er ein revehale. Den er veldig fin og veldig mjuk og ein dag SKAL eg finne noko eg kan bruke den til!

3: Når kista var rydda ut av kunne eg plassere pågående strikketøy i den. Genseren tar stor plass. Den MÅ vekk!!



4: Rydde i garn. Vekk med poser!

Syns dette var lekker sortering.



5: Rydde i pinnar. Dei gadd eg ikkje ta bilete av. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar