torsdag 13. juni 2013

Eirajakke

Eg føler eg sviktar bloggen min, men eg gjer jo egentlig ikkje det, eg har berre ikkje strikka så mykje spanande i det siste.

Siste medlem i strikkefamilien min er denne eirajakken frå nøstebarn. Den er strikka i dobbel tråd, silkeull og merino2tråds frå nøstebarn. Eg juksa litt, og hadde med litt tråd frå askeladen (den danske versjonen av nøstebarn). Årsak? Jo, askeladen har ein sprekare gulfarge enn det nørstebarn har! 

Jakken er litt utfordrande, for den skal strikkast i glattstrikk att og fram. Det gjekk bra heilt til eg skulle strikke mønster, då gjekk det skeis. Enden på visa var at eg måtte strikke rundt, og klippe opp imidten til slutt. Det gjekk, etter mykje banning over symaskina! Jakken fekk ein liten skjønnhetsfeil, mønsteret vart litt skeivt, når eg knappa igjen, men det gjer no ingenting.

No gledar eg meg til vinteren, så eg får vise den fram! 


onsdag 10. april 2013

Trekantsjal og nytt rom

Når eg var ferdig med stripegensaren så var eg motivert for å gjere ferdig gamle prosjekt, og strikke opp all garn. Eg fann fram det orange fairytalegarnet, som eg kjøpte utan å ha ein plan. Tabbe, som alltid.


Eg har tidlegare strikka sjal med fairytale og fairytaleliknande garn, og alle tre sjala har blitt lite bruksvennleg. Likevel valgte eg å bruke tid på å omgjere det orange nøstet til eit slikt sjal (!). Om ikkje anna så blir det nok varmt i halsen min. For å være heilt ærleg så trur eg ikkje at dei tre andre sjala (som fekk nytt liv som julepresang) har blitt masse brukt.

Det følg med eit bilete av sjalet, og ein sneekpeek av mitt nye sy/strikkerom! Var det nice? Eg er litt kry! Av rommet altså :-)

Ser forresten at eg ikkje ytte den nye genseren min rettferdighwt, sleng derfor med eit nytt bilete av den. Eit såkalla "speilbiletepåbadet" men det får berre våge seg.





tirsdag 9. april 2013

Bringebærraud

Eit par sokkar, og ein stripete genser. Det var resultatet av det bringebærraude garnet. Sokkane vart strikka etter oppskrift frå nøstebarnsboka, genseren strikka eg så lang og brei den måtte være, forstykke og bakstykke kvar for seg - i riller. Ermer til sist, etter at eg brente meg på å strikke altfor lange erme til skappelgenseren!



fredag 25. januar 2013

Tunika frå nøstebarn

Som tittelen allereie har avslørt, så har eg strikka meg ein tunika frå nøstebarn. Denne tunikaen har aldri tiltalt meg, men etter at min snille (kvifor ho er snill skal eg avsløre seinare) kollega strikka denne tunikaen, ja då kunne ikkje eg vere noko dårlegare.

Eg hadde nett kjøpt meg paprikaraudt nøste, og ville gjerne bruke dette på meg sjølv. Og eg hadde fått smaken på striper, så då vart det raude og kvite striper. Eg starta i september, men det var så tungt å strikke med tjukke pinnar og tynt garn, så eg starta på ein arm, og etter tre striper var det stopp.

Forrige tysdag var eg lei av å strikke raggsokkar (har 10 raggnøster som venter på meg), og eg fann ut at det var tid for å gjere tunikaen ferdig.

Idag festa eg siste tråd.

Wow Stine.

Så er spørsmålet, kva vert neste prosjekt? Det er der "snill kollega" kjem inn i bilete. Eg har forelska meg i bringebærraud. Eg likar ikkje rosa, men bringebærraud elskar eg. Ja, eg brukte det svulmande ordet "elsker". Diverre oppdaga eg for seint at nøstebarn ikkje fører denne fargen lenger. Eg tok eit lite frieri på facebook, og der kom min kollega og informerte meg om at ho hadde litt bringebærraudt til overs! Takk!! Eg sendte og ein mail til nøstebarn, og jammen hadde dei ikkje tre hesper bringebær i 3tråds att! For ein lykke! Så då vert det kanskje rosa sokkar på meg og. Stort smilefjes!
Neste prosjekt blir kvit og bringebærstripete genser i type skappel. Prøver meg på pinne 4,5 og håpar det blir nett passeleg. Fingers crossed!