torsdag 25. august 2011

Ein av kvar

For tida har eg 5 strikketøy som eg strikker aktivt på. To par lubber, eit par votter, ei hue og ei bukse. Her er det ikkje snakk om ein ting om gangen, det er jo så masse spanande å strikke på!

 


Som nemt tidlegare kjøpte eg jo masse sokkegarn forleden dag. Siden det er fleirfargagarn, er eg veldig spent på korleis det ser ut når eg strikker, så når eg hadde strikket ferdig ein sokk, ja då byrja eg like greitt på eit nytt nøste for å sjå korleis fargekombinasjonen blei på den! Første sokk vart strikka på pinnenr 3 med basis  i ei oppskrift som har pinne nr 4, og denne sokken vart litt stram, derfor har eg på den nye fargen strikka med pinne nr 3,5. Håper størrelsen blir just right no!

Ein farge til venstre, ny farge til høgre.
Viking sportsragg













Ellers er det sjølvsagt selbuvotter, denne gangen i herrestørrelse.


Strikker og på ei hue i nøstegarn, som eg tenkte eg skulle gje til det nye tantebarnet mitt. Ho har nok strikkeklær som det er, men denne hua er så kjekk å strikke at eg klarte rett og slett ikkje la vær!

Hue frå boka myk start, strikket i 2 trådsmerinoull fra nøstebarn, farge petunia

Samme tantebarn skal og få sparkebuksa som eg strikker på. Forløbig ser det ut som at den kanskje vert litt liten, men me får sjå korleis den blir når den er ferdig!

Sparkebukse med fot, frå oppskriftsboka til nøstebarn. Strikke i 2 tråds merinoull, farge petrol

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar