fredag 19. august 2011

Sokkedilla

No har endeleg selbuvott-produksjonen fått seg ein pause. Av ein eller annan grunn fekk eg for meg at sparkjøp-sokkar var tingen, så eg kjøpte meg eit fleirfargagarn og strikka i vei. Desse sokkane er ganske alright å strikke for det er tjukt garn og tjukke pinnar, så ting går fort, men utvalget i fargar er litt keisamt. Har alikevel funnet nokon som var begeistra for fargane, så lubbane har allereie fått nye eigara!




Eg var innom den lokale garnbutikken for å kjøpe tre-knappar til heildressen eg strikka frå nøstebarn for ei tid sida. Sidan barnet er komen til verda er det ein god ide å gjere ferdig dressen før ungen plutselig er konfirmant. Knappar fann eg ikkje, derimot fann eg tilbod på viking sports-ragg og det i skikkelig artige fleirfargar! to nøster var visst nok "dersom eg ikkje lagar dei for stor". Då passar det dårleg at eg ikkje har oppskrift, men pytt sann! Rett nok har eg eit påbyrja selbuvottpar liggande, samt eit nytt nøstebarnprosjekt, men det gjer ingenting.

1 kommentar:

  1. Så mange flotte par votter du har strikket siden jeg var på besøk hos deg sist! Og enig med deg at det er herlig å ha arbeider som går fort unna også, både å strikke og "omsette" :)

    SvarSlett