søndag 11. mars 2012

Hei Cortina!

No når endeleg babyteppe 1:4 er ferdig, kan eg konsentrere meg om cortinagenseren min. Her er mykje halvgjort: Eg har strikka ein og ein halv arm, nokre cm på bråtet til bolen, og fredagkveld var bråtet på hua ferdig.

Siden eg er på øybesøk høyrer det med strikkebesøk hos kusine. Ho held på med samme hue som meg, og var ferdig med mønsteret. Eg var ferdig med bråtet. Mønsterstrikket starta i ståva hennar og når eg skulle heim, var eg komen halvvegs. "Visst du blir ferdig før meg blir eg sur", ho kjempa nemleg med fellinga, det er jo ikkje alltid enkelt.

Så kom eg heim, og eg skulle berre strikke litt før eg la meg. Før eg visste ordet av det hadde eg gjort ferdig mønsterstrikket innimellom all wordfued-spelinga. Eg har nemleg oppdaga at eg kan strikke litt innimellom ordleiken!

Igjen var det stor spaning om det ville være nok garn, held den kvite tråden?



Ok, mønsterstrikk ferdig og den kvite tråden holdt. Då er det over på neste utfordring: finne strømpepinner så eg kan felle av. Eg hadde nemleg ikkje tenkt på det at eg kanskje måtte skifte pinner. Eg strikka allereie med tynnare tråd og pinnar enn det oppskrifta befalte, og etter bråtet er det jo ein vanleg sak at ein må finne tjukkare hjelpemiddlar. Eg var utolmodig, og fortsatte med dei eg hadde. Det hjalp ikkje mykje når eg fann ut at kolleksjonen med strømpepinnar var tilnærma ikkje-eksisterande. Eg mistenker at min personlige kolleksjon har auka i takt med at denne kolleksjonen har minka. Dette viste seg å være ris til egen ræv, og eg måtte bruke det eg fann: ein strømpepinne, to korte rundpinnar og ein lang rundpinne. For eit rot!


Klokka halv seks på morgonen kunne eg hånleg publisere dette bilete på fjasbok:




Hua var ferdig, etter ei intens natt. Den passa og, sjølv om eg var redd den skulle bli alt for liten med mine stamme strikkeevner. Faktisk vart den litt for stor.


Stilig fyr!
Stakkars Bamboo, eg måtte trekka hua nedover andletet hans. Det var ikkje fordi eg tykkjer han er stygg, det var for å vise mønsteret. Legg til nokre digitale hjarte for å syna at eg er glad i han <3 <3 <3

Skjønningen!
Då er det berre resten av genseren attende. Bråtet på bolen er den neste keisamme barrieren som må brytast. Atter ein gang har eg avanserte matematiske metodar for å motivere meg sjølv: eg manglar ca 9 omgangar før bråtet er ferdig. Kvar omgang tek ca 10 minutter. Om eg strikkar 2 timar samanhengande skal eg blir ferdig.

Synd det er så lett å la seg avlede av animal planet og wordfued.

1 kommentar:

  1. Du har da vel ikke dårlig tid med genseren? Det viktigste er vel at den blir pen når den er ferdig?! Lua ble veldig fin, så jeg gleder meg til å se genseren ferdig også :) Det mønsteret er bare kjempefint!

    SvarSlett