fredag 7. februar 2014

Epla

Februar har sagt hei, og 3 nye plagg er ferdig.

Første mann ut er åklevottane frå Arne og Carlos. Eg strikka jo 1 par sokkar og 2 par vottar frå strikk frå Setesdal, og i den anledning var det mykje restegarn att. Dette må sjølvsagt strikkast opp. Restegarn og uferdig strikkeprosjekter plagar meg, men kløa etter å strikke nye ting overvinn alltid irritasjonen over alt overskot og uferdige greier. Derfor aukar alltid garnlageret, istedenfor å minke. Februar skal bli garnkjøpfrimånad.

I anledning restegarn bestemte eg meg for å strikke eit nytt par åklevottar, men sidan det var så masse trådar å feste sist, bestemte eg meg for å halde fargekartet på eit minimum. resultatet vart blå og gule vottar, ikkje dei sprekaste fargane, men dei vart no fine. Gjekk tom for gult etter at hovedvottane var ferdige, så då vart tomlane raude. Det er jo heilt lov når det er restevottar. Vottane i seg sjølv er jo både lette og gøye å strikke, så det var jo ikkje problem. Synst du desse vottane var så fin at du vil kjøpe dei? Sjå opp til høgre, der er link til eplabutikken min!

Slik vart tomlane.
Vottar sett i fugleperspektiv



Det har og blitt tid til å strikke presangar. Aprilbaby skal få denne jakka frå nøstebarn. Mønster er frå "hansemanns hentesett", eit mønster eg kjøpte for mangen år sida. Eg vart så forelska i dei fine stripene i kvitt, blått mokka og lime, men no når eg endeleg skulle strikke den, hadde eg lyst å strikke den i kvite og gule striper. Siden sesongens gulfarge frå nøstebarn var litt blass, brukte eg heller den litt meir knallgule frå askeladen, det er jo, sånn eg har forstått, Danmark sitt svar på nøstebarn. Jakka ser litt liten ut, ifølge mønster skal den passe i alderen 0-6månader. Eg har mine tvil, men satsar på den overlever vårsesongen. Den er iallefall strechy, men håper likevel at babyen er mindre enn 6kg når den blir født. Tida vil vise.








Eg skal og i ein bursdagsfeiring i næraste framtid, og sidan bursdagsbarnet kom med pakkeønskjene litt for seint får ho desse selbuvottane. Eg har strikka dei i kvit og brun, restane etter fiskartrøya mi. Var spent på om garnet rakk, og her hadde eg like mykje flaks som eg hadde på åklevottane: det var nok brunt til sjølve vottane, men ikkje til tomlane. Derfor er tomlane gul. Eg trur ho blir glad for dei likevel, eg synest ihvertfall dei vart stilige! 


Eg skal jo som sagt få ferdig alle ufoar som ligg rundt om kring. Når eg lagde UFO-lista, var den ikkje like lang som frykta, den inkluderer eit babyteppe (snart ferdig, men ca 200trådar å feste) 2 gensere (vaksen størrelse) ei restebukse, voksen, og den berømmelige setesdagtrøya, som i skrivande stund har tre ermer i forskjellig størrelse. Også sist men ikkje minst, oldemorsteppet. Eg fann og to par madam møllers sokkar, og flettekjolen frå 2010. Sokkane trengte berre bånd, så det var gjort på 5 minutt. Check. Flettekjolen frå 2010 var egentlig ferdig, men eg måtte flytte på selane. Det var og gjort på fem minutt. Check. Desverre har den krympa litt i boksen den har lagt i, så no vil den kanskje ha ny eigar. Me får nett sjå. 








1 kommentar:

  1. Veldig mye fint her! Og det er artig med kreativ restegarnstrikk synes jeg, flotte votter du har strikket :-) Flink du er som tar et oppgjør med ufoer, det burde jeg også gjøre - men det er jo alltid så fristende å starte på noe nytt ;-)

    SvarSlett