søndag 11. desember 2011

Strikkepinneetui

Kjære Dagbok!

Idag hadde eg lyst til å lage meg eit strikkepinneetui. Eg er så lei av at dei ligg i konvoluttar fulle i hol, derfor fann eg ut at eg skulle plassere alle strømpepinnane mine i ein av desse tøydingsane. Sjølv om eg aldri fullførte symaskinsertifikatet, så var eg dyktig bak sy-pedalen - sånn halvvegs ihvertfall!

For første gong på mange år møttes me att, Pfaff 360 og meg!



Det er ikkje alltid naudsynt å brukt tekstilar frå "stoff og stil" for å lage nyttige produkter. Eg fann fram nokre gamle gardiner. Desse skulle leggast dobbelt og strykast før eg stdde dei saman. Eg var litt uroa for om eg skulle få beine saumar, resten tenkte eg skulle vere plankekøyring.

Gamle gardiner møter strikkepinn
Etter ei lett oppfrisking i korleis ein trær tråden er eg klar.

Klar, ferdig gå!
 Ååååh, dette vart lekkert! Ikkje heilt bein strek, men det er jo halve sjarmen med heimelaga!!
 Ka ffffffff? Kva har skjedd her? Lause trådar? Køddar du med meg Pfaff???

Her var det berre ein ting å gjere: Finne fram bruksanvisningen. Etter å ha forsikra seg at tråden var på riktig plass både foran og bak, og etter at eg hadde knappane kom eg fram til følgjande konklusjon:

Fail: Å ha for høg fart.

 Riktig: Gammalmannskøyring.





 Omsider fekk tekstilane saumar, så var neste steg å lage rom til pinnane.

Sjølvsagt vart ikkje saumane beine. Sjølvsagt vart ikkje tråden på undersida fast nok. Sjølvsagt tok undertråden slutt midtvegs i syinga. Sjølvsagt.

Mitt første og siste strikkepinneetui er ferdig.

Og Pfaff... Ja, han likar eg ikkje lengre.



Sov godt og god natt takk!

Nå har vi vaska

Når ein strikker for andre er ein ikkje ferdig sjølv om siste maske er strikka. Ein bør både vaske og dampe før ein gjer det videre, og det tek meir tid enn forventa, spesielt når kleda bruk fleire dagar på å bli tørr.

No gjenstår berre dampinga, så er faktisk alle 11 para med vetter klar til å byte eigar!



Hadde tenkt å selge desse vettene og sokkane, men det viser seg at billiggarn farger litt av i første vask så plagga fekk ein herleg glør av blå. Damn you vikingragg!!



Også skal jo eg få trøye, og her går det på fram:


Planlegg matchande vottar!

Dette er forresten mitt første forsøk på mobilblogging, sidan "nokon" har endra passord på datamaskina. Bileta kom ikkje der dei skulle *sukk* Bra svenske hollywood fruer er på fjernsynet.

lørdag 10. desember 2011

Epla

Som eg har skrevet om tidligere har eg nettopp oppdaga Epla. Supert forum, for strikkere som oss!

Har ein egen liten butikk her, det er ikkje så masse inne, men litt er det no. Kan jo ikkje ta tosifra antall votter liggende heime i all evig tid heller!

Har og prøvd å handle, og det var ein koselig fornøyelse! Bestilte for nokre dager siden, og idag fekk eg denne koselige pakken i posten!


 Eg hadde jo berre bestillt øyredobber! Takk Ugleloftet!

fredag 9. desember 2011

Bestemorsruter - Variantar

Planen med mine ruter er å lage meg eit teppe, så stort som mogleg! Det geniale med rutene er at dei er så lett å lage, så eg spurde meg sjølv: Kva anna kan ein bruke rutene til? Og helst noko som blir ferdig i ein fei!

Tepper kan ein jo lage i mangen varianter: Vognteppe, babyteppe, store teppre. Om ein vil ha superraskt: Gryteklutar. Puter og vesker er og alternativer. Eg googlet bestemorsruter, og fann ein del ruter laga av norske bloggarar. Det var ikkje så mykje nytt under sola, så eg prøvde meg på eit engelsk søk: Granny squares - og fann i grunnen ikkje så masse der heller - bortsett fra to ting:

1: Bestemorsruter hekla som hello kitty! Den perfekte presangen for jenter på 10år??  Link her.

Eg håper den amerikasnke  websida tilgjer meg for å bruke biletet
 2: Også fann eg dette forkle - med tilbehør! Stilig! Link her. 
 Begge var stilige, men ikkje heilt det eg såg etter i denne omgang :O)

Samlingen min har ikkje auka så masse sidan sist, men det byrjar å samle seg ein aldri så liten lappe-gjeng.

Nokon av lappane er hekla saman. Keisamt arbeid.


Og her har eg heklet litt ekstra. Forskjellige størrelser, mest for å prøve ut korleis det blir .


Ha ei fin helg!