mandag 30. mai 2011

Ekte raggsokkar

Så var dagen komen som eg aldri trudde kome, eg har kjøpt garn på sparkjøp.
Eg har tidlegare fortalt om min negative oppleving av å strikke sparkjøpgarn, med kløande auger, men noko gjorde at eg idag fann veien innom denne butikken. Eg har tidlegare lagt merke til stort utval av billeg fleirfarga garn, og idag klarte eg ikkje motstå. Knallfargar, tjukt garn og oppskrift på ekte raggsokker på innsida av bandreolen. Og alt for berre 10,- pr nøste.  Kan eg kome nærare bestemorssokkar enn dette? Neppe. For å få ekte bestemorsstemning gjekk eg til 5 etage av galleriet for ein bolle, kaffe og strikk.
Etter nokre cm strikk kan eg konstantere at fargesamansetningen ikkje vart heil som forventa, kvar fargestripe er kort, og dermed vert det ikkje tjukkefargeskifte slik som det var på det forrige garnet, men det vart no ikkje så ille likevel :O)

Dersom årets julepresangar skal bestå av raggsokkar kan det bli ei billeg jul!

lørdag 28. mai 2011

Strikkeallergi?

Strikkebuksa går sakte på fram. Det er med glede eg kan konstantere at restene av fairytale-garnet (Trollungejakken til Alfred) har sagt farvel. Det samme har eit ukjent merke kvitt babygarn, samt det heile nøstet med nepal, ull/alpakka som var til overs etter flettekjolen.

Diverre kan det sjå ut til at ullgarnet eg fekk til bursdagen 2010 hjå Margrethe held på å bli strikka opp no... Dette garnet fekk eg av ho sånn at eg kunne strikke meg pulsvarmara til meg sjølv. Lovnaden var at eg skulle strikke til meg og ikkje til andre. Unnskyld Margrethe.. Når eg er ferdig med denne buksa skal eg strikke pulsvantar til meg sjølv, eg lover!!

Samtidig har eg merka eit rart fenomen... Eg nys! Opptil fleire ganger når eg strikker. Er det noko eg ikkje tåler?!?!

Når eg planla buksa tenkte eg å strikke masse forskjellige mønster. Dette glømde eg i ca 17cm, men no har eg starta på eit kattemønster. Det er trots alt ei kattekvinna som skal få buksa!

Litt keisamme fargar, men eg kan jo ikkje kjøpe nytt når eg strikker i rester

Pusekattar

torsdag 26. mai 2011

Strikkebukse

I haust kom eg på ein god ide: bruke alt reste garn til ei strikkebukse! Har ei venninne som jobbar i barnehage, og kva treng ho år gradestokken kryp ned mot minus 20? Jo, ei strikkebukse! Siden eg har eit lager med garn som ikkje er så altfor lite så fann eg ut at ei restebukse måtte være tingen. Her slepp eg å tenkje på at garn og fargar skal passe saman, er garnet for tynt så strikk eg det berre dobbelt, bruker pinner nr 5, og strikker berre til det er tomt!

Har ikkje komen så langt enda, og har egentlig ikkje noko mønster, men har ein mal eg fann på DROPS, så får me sjå om eg vert ferdig til vinteren kjem!

Så langt har eg komt til no:


Eg byrjar med livet, og strikker meg nedover. Kanskje eg kan ha eit mål om eit nøste i veka?

Foreløbig har eg fått strikka opp misti og fritidsgarn. Misti er tjukk alpakkagarn som eg kjøpte da eg skulle strikke køyrepose til Mari. Ulla vart kjøpt på impuls, ikkje noko godt kjøp, garnet var dyrt, og lite drygt. Etterkvart som eg strikka la eg og merke til at det loa.. Men kan jo godt hende det er varmt, og forhåpentlegvis kløfritt :). Det farga garnet er fritidsgarn som eg kjøpte da eg skulle strikke pulsvarmarar til Geraldine. Det var ein liten slant att, akkurat nok til at eg ikkje kunne bruke det til noko, akkurat nok til at eg ikkje klarte å kasta da.

onsdag 25. mai 2011

Babyjakke strikka i eitt stykke

Det har gått sakte med strikkinga i det siste, med mykje jobbing, 17 mai og uteliv har strikketøyet blitt nedprioritert. No har eg hatt nokre dagar med fri, og dermed har eg endeleg fått gjort ferdig "babyjakke strikke i eitt stykke". At den ikkje vart ferdig før er egentlig ganske rart, for lettare og kjappare stikketøy skal ein leitte lenge etter! Riktignok gjorde eg feil når eg strikka over ermene, eg unnlot å fortsette å strikke i mønsteret og dermed var halskanten mykje breiare enn det som var meininga. Eg valgte først å legge skulda på forfattaren av mønsteret, men etter å ha lest det nokre gongar har eg komen fram til at eg berre kan skulda på meg sjølv. Feilen klarte eg å lappe sånn halvvegs saman, og resultatet vart bra!


Til jakka brukte eg nøstebarns totråds-merinoull i farge lime. Denne fargen går ut no, men kan enda kjøpast på nettbutikken (på tilbod!). Eg tykkjer fargen er sprek og sommarleg, utan å bli for skrikande. Eg kjøpte eit hespe, som er 100g, men brukte ikkje opp alt. Det er enda ein fin slump att, som skal brukast til eit resteprosjekt (Men det skal eg ikkje byrja på før eg har strikka alle fargane mine, det skal være EKTE reste :) )
Mønsteret var enkelt, jakka er kjapp å strikke. Mønsteret er beregna på str 6 mnd, men om ein triksar og miksar med masketal kan ein få den både større og mindre!

Dette er ingen vinterjakke, heller ein fin jakke til vår og sommar når dei tette vinterplagga blir for varme.

Terningkast: 6