onsdag 25. mai 2011

Babyjakke strikka i eitt stykke

Det har gått sakte med strikkinga i det siste, med mykje jobbing, 17 mai og uteliv har strikketøyet blitt nedprioritert. No har eg hatt nokre dagar med fri, og dermed har eg endeleg fått gjort ferdig "babyjakke strikke i eitt stykke". At den ikkje vart ferdig før er egentlig ganske rart, for lettare og kjappare stikketøy skal ein leitte lenge etter! Riktignok gjorde eg feil når eg strikka over ermene, eg unnlot å fortsette å strikke i mønsteret og dermed var halskanten mykje breiare enn det som var meininga. Eg valgte først å legge skulda på forfattaren av mønsteret, men etter å ha lest det nokre gongar har eg komen fram til at eg berre kan skulda på meg sjølv. Feilen klarte eg å lappe sånn halvvegs saman, og resultatet vart bra!


Til jakka brukte eg nøstebarns totråds-merinoull i farge lime. Denne fargen går ut no, men kan enda kjøpast på nettbutikken (på tilbod!). Eg tykkjer fargen er sprek og sommarleg, utan å bli for skrikande. Eg kjøpte eit hespe, som er 100g, men brukte ikkje opp alt. Det er enda ein fin slump att, som skal brukast til eit resteprosjekt (Men det skal eg ikkje byrja på før eg har strikka alle fargane mine, det skal være EKTE reste :) )
Mønsteret var enkelt, jakka er kjapp å strikke. Mønsteret er beregna på str 6 mnd, men om ein triksar og miksar med masketal kan ein få den både større og mindre!

Dette er ingen vinterjakke, heller ein fin jakke til vår og sommar når dei tette vinterplagga blir for varme.

Terningkast: 6


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar