torsdag 8. desember 2011

Ferdig med ein - så vart det ein til!

Når eg var ferdig med rullegenseren bestemte eg meg for å være flink og strikke ferdig litt UFOer. Eg var flink, og gjorde ferdig sokkane som eg starta på "berre på gøy". Når eg var ferdig gjekk eg i garnskuffa og fann litt meir sokkegarn. Typisk! Typisk prosjekt som eg strikker litt på, også legg eg det vekk. Men neida, eg hadde så masse pinner at eg tok rett og slett litt paralellstrikk! Så no er eg ferdig med bråtet på begge sokkane, og alle som strikker sokker veit at dette er den mest keisamme delen..

Ferdige sokkar - Vikingragg

Ikkje ferdige sokkar - Sportsragg


Igår gjorde eg og ein ny oppdagelse... Epla... Så mykje fint! Og så enkelt! Så eg starta like godt ein butikk! Ja, Stine er no butikkeigar! Stinestrikk-namnet var diverre opptatt så eg måtte ta eit anna, men er godt nøgd med det. Har ikkje så masse lekkert inne enda, men har litt i kista som må vekk, så eg prøver no lykken! Det som var kjekkast var jo å sjå alt det fine som folk rundt omkring lager! Bestilte meg fluesopp-øyredobbar idag. Om dei kjem før jul vert dei julepresang. Dersom ikkje, så går dei til meg. Grei deal!

lørdag 3. desember 2011

Rullegenser

Tada!! Var den ikkje flott? Det tykkjer eg!



Eg skjønar godt kvifor denne modellen er så populær: Ingen vrangbort, berre glattstrikk. Eg droppa knappekanten, fordi eg ville minimere antall omganger der eg måtte strikka att og fram . Satsar på den passar likevel.

Modell: Rullegenser frå boka "strikk til nøstebarn"
Garn: Rester frå nøstebar, to tråds merinoull
Mengde: Ukjend, enda masse garn att
Terningskast: 6

Raglanfelling

Har du nokon sinne lurt på korleis ein strikkar raglansfelling? Det har eg, men når eg først såg oppskrifta fann eg ut at dette var meget enkelt. Eg har strikka ein del plagg med raglansfelling, men skøyten har aldri blitt som forventa. Sidan eg ikkje liker å lære nye ting fortrengte eg dette factum.

Men ikveld var eg innom Hjerte-go sin blogg, og hennar raglansfelling var jo majestetisk! Eg hadde jo strikka mangen omganger med raglan allereie, men det er aldri for sein å snu...

Eg siterer: "Strikk 2 masker vridd r saman". Vridd rett saman...

Her kjem ein biletserie med min konklusjon. Håper andre strikkere får nytte av dette.

Tre masker att før markøren. To masker skal strikkast saman, siste maske før markør skal strikkast rett.

Om eg ikkje tar feil, så er no denne maska "vridd"

Dette er måten eg har strikka maskene saman på før. Det er dette eg no har funnet ut mest sannsynleg er feil.

Medan eg trur det er riktig å strikke maskene samen BAKfra.

Og her prøver eg å vise raglanfellinga. Nederst på raglanfellinga ser ein den "feile" måten å felle på, medan dei siste tre omgangane er den "rette". Trur eg. Fasiten kjem når eg har strikka meir på arbeidet.

Eg burde vel strengt rukket opp att all raglanfelling som er feilstrikka, men sidan eg er lat (og eg framleis er usikker på om den "nye" måten å felle på er den rette) så berre strikker eg videre. Ho som skal ha plagget er liten, og merker sikkert ikkje feilen. + At formålet med denne genseren er at den skal UNDER denne sparkebuksa, så da ser ein ikkje raglansfellinga uansett. Please forgive me!

torsdag 1. desember 2011

Oppryddning del 2

Sidan jula nærmar seg må eg rydde litt så eg får det litt julekosleg her i heimen. Første steg på vegen: Rydde opp i nye og gamle strikkeprosjekt. Heldigvis har eg i det siste vært flinkare til å gjere ferdig ting, men det er jo så kjekt å starte på nye. Akk, den forferdelige strikkekåtheita! Her må det sorterast!

1: Samle alle strikke-prosjekt:



  1. Arne og Carlos genser
  2. Fanajakke
  3. Rullegenser
  4. Sokker
  5. Babyteppe
  6. Sjal  *rakk denne opp, ikkje levedyktig*
  7. Pulsvarmarar *Rakk desse og opp, berr tull å strikke dei for store*
  8. Restebukse
  9. Bestemors/oldemorsrutene


Ok, lista vart ikkje like lang denne gangen, men det hadde vært fint å for ein gang skyld få alt ferdig!

Neste steg på vegen:

2: Rydde ut av "rotekista"

I rote-kista har eg lagt alle broderisakene som eg nesten aldri bruker. Funn:

Rødt tøy bakerst, kjøpt for å sy på baksida på nokre handplagg eg broderte nokre år tilbake. Stramei, som nok kan brukast til å brodere bringeduk. Ein flik med broderi for å teste ut fargesamansetningen til bringeduken min og til sist: eit minihåndplagg. Har ikkje planer om å sy den ferdig... :)

Broderitråder. Dei til venstre vart kjøpt for å brukes. Dei til venstre vart kjøpt fordi dei var på tilbod. Dette er no sikkert 2 år sidan.

Litt pels. Pelsmonstandarar: Vær så snill  å ikkje drep meg.. Det er tre hovuder, vaskebjørn og to rever, trur eg. Veit ikkje heilt kvar eg skal bruke dei til.. Den kvite dusken er ein revehale. Den er veldig fin og veldig mjuk og ein dag SKAL eg finne noko eg kan bruke den til!

3: Når kista var rydda ut av kunne eg plassere pågående strikketøy i den. Genseren tar stor plass. Den MÅ vekk!!



4: Rydde i garn. Vekk med poser!

Syns dette var lekker sortering.



5: Rydde i pinnar. Dei gadd eg ikkje ta bilete av.