torsdag 15. september 2011

Arva etter Farmor

Etter mi snille Farmor har eg arva stakk og liv til hardangerbunad. Denne sydde ho sjølv, med litt hjelp frå svigerdattera si til dåpen til nest eldste barnebarn i 1970. Eg har alltid hatt ein veldig fasinasjon for bunadar, og eg ønskjer meg både austevollsbunad, hardangerbunad og telemarksbunad. Eigentleg ønskjer eg dei fleste bunadar i noregs land, men det finst begrensningar for kor mangen ein kan ha. Med mindre ein samlar på bunadar slik som Mari Maurstad gjer sjølvsagt.

Farmor kunne det meste innan håndarbeid. Ho strikka og sydde alle kleda til dei seks borna sine, ho broderte dukar til alle barnebarna sine (og det er ikkje få!)  for ikkje snakke om alle dukane ho broderte for "foreningen" som dei lodda vekk på basar. Eg har arva ein flott duk, med engelsk broderi. Farmor la ned mykje arbeid i denne, og eg er litt usikker på om eg kjem til å tørre å bruke den til anna enn å vise fram til besøkande. Førebels ligg den trygt heime hos foreldra mine, men når eg blir vaksen skal eg ta den heim til meg sjølv. Bilete kjem når eg eg hugsar å ta med både kamera OG minnekort på neste tur til Austevoll.

Når eg var på besøk hos Farmor sat ho ofte å spøta eller broderte. Ho prøvde fleire ganger å vise meg korleis ein broderte hardangersaum. Det såg så lett ut når ho gjorde det, men den gangen tanta mi skulle lære meg å brodere skjorte til austevollsbunad var det ikkje så enkelt likevel. Skjorta ligg forresten enda ubrodert, 8 år etter eg kjøpte stoffet. Eg fekk alltid skryt over strikkeriene mine, men ho hadde nok blitt enda meir imponert om eg hadde komen heim til ho med noko heimebrodert. Ei jul broderte eg desse handplagga til ho. Diverre gjorde eg ein feil når eg sydde i knappane, så ho fekk aldri brukt dei.

No når eg har arva stakken hennar har eg endeleg ein moglegheit til å ta opp att broderiet. Bunad er mykje arbeid, og eg treng både skjorte, forkle, bringeduk og belte. Sølvtøy satsar eg på at eg får til bursdagar og julefeiringar, så familien bør ikkje ha problemer med å finne presangar til meg dei neste åra. Eg vil gjere mest mogleg på bunaden sjølv, med litt hjelp frå Mamma. Tidsperspektivet mitt er langt, og eg har ingen hast med å bli ferdig, eg har jo allereire ei flott kystdrakt som eg fekk til konfirmasjonen min i 1997.

Første punkt på programmet er belte og bringeduk. Var innom husfliden idag, men eg fann ikkje bringeduken i mitt liv. Eg tykkjer bringedukane med hjarte på er så fine, men dei er vanskelege å sy så eg startar med eit perla belte. Kjøpte litt forskjellige fargar, så no blir det spanande å sjå om eg blir feridg med det eller om det ender som austevollsbeltet mitt som enda ligg i ein pose. Uferdig.



Perler, nål, nåletreder, mønster, ehh.. "stoff" til å brodere på og sist men ikkje minst, siste utgåve frå bunadsmagasinet.

Nokre timar med perling og her er resultatet. Min gamle kollega sa at når ho først byrja å brodere stoppa ho ikkje før ho var ferdig med ein rapport. Eg må idag ta pause her ifrå, men er nøgd med resultatet!

5 kommentarer:

  1. Så spennende å sy på sin egen bunad! Og perler da..., blir helt nydelig.. Jeg har et tips angående arva duker, som er for fine (eller skjøre) til å brukes: få en rammemaker til å lage glass og ramme, så kan duken henge til pynt. Du velge akkurat hvilken ramme du vil. Det koster litt, men er absolutt verdt det - og like fint som andre bilder syns jeg:-) Lykke til med prosjektene!

    SvarSlett
  2. Bruk den fine duken din og gled deg over det vakre arbeidet som er gjort! Kommer det en flekk på den som du ikke får bort, så la den heller være et kjært minne. Å omgi seg med vakre ting gjør livet rikere! Lykke til med bunaden!

    SvarSlett
  3. Jøss, du har jo kome godt på veg. Roleg natt. Med den inspirerande boka ved sida av og stakken å sjå er nok motivasjonen høg.

    SvarSlett
  4. WOW! Det er litt av et arbeid du har begynt på der! Gleder meg til å se det ferdig.
    God helg!

    SvarSlett
  5. Hei på deg!!

    Koss går det med beltet??? Eg e spendt..
    Har fått dilla igjen eg og, etter eg såg dette, og har sydd masse dei siste to vekene..

    Trine

    SvarSlett