mandag 28. november 2011

Lenge leve

Eg har av og til lurt på kor lenge eit strikkeplagg kan leve. Ein av mine mest brukte plagg opp gjennom tidene er lusekofta eg fekk på ungdomsskulen. Svart og kvit trøye, klassisk mønster. Om eg ikkje hugsar feil er det ei setesdaltrøye, men uten broderikant. Den har holdt lenge, og er enda like god, men det siste året oppdaga eg at det var komen eit hål på albogen. Holet var der lenge, men sidan det ikkje vart større (og eg ikkje kan fikse slikt) lot eg det bere gli. Her ein dag studerte eg kofta nærmare og oppdaga til min store forskrekkelse fem (!!) andre hol! Oh no! Her var det berre ein ting å gjere, nemleg  å ta den med til ho som faktisk KAN fikse! "Har du denne enda? Skal eg strikke ein ny til deg?" Ehhh - strikke ny? Tru det eller ei, eg har faktisk blitt glad i denne kofta.. Så holene vart bøta, kofta vart vaska og no er den god som ny. Eg trur reperatøren meinte kofta var så tynnslitt at det var på tide å kassere den, men der er eg ueinig.

Så har eg altså hatt kofta i over 15 år. Den er jo berre i bruk om vinteren, og ein og anna kystdans om sommaren sjølvsagt - viktig å ha riktig tøy på seg om ein skal ferdast på sjøen på natta med promille. Den er strikka med skikkelig kvalitetsgarn, hugsar ikkje merke, men det er ikkje mykje sparkjøpgarn her i gården (Eller er sparkjøp av riktig kvalitet? Eg har liten erfaring på det feltet).

God-kofta

Bilete av albogen som er bøta. Kan du sjå kor? Det kan ikkje eg!






Eit anna praktplagg eg har er fanakofta mi. Den var ferdigstilt i år 2000 og er framleis heil og fin. Vanskelig som eg er så ville eg ha ei fanakofte som var strikket etter gammel modell, trur nok det var meir tidkrevande enn dei moderne fanakoftene, men sånn er det når man er ung og bortskjemt. Eg får masse skryt for den, og når eg kan ta hardangerbunaden min i bruk, blir den fin å ha til "bunadsjakke" - før i tida brukte ein nemleg fanakofta som bunadsjakke til fanabunadnen. Så det så!



Legg merke til den lekre spliten

Kofta kjem best til sin rett på ein modell. tilgje meg for at eg måtte ta bilete av meg sjølv i eit speil, det var einaste moglegheiten.

Det eldste strikkeplagget eg har er denne genseren. Kor gammel den er veit eg ikkje, men eg vil gjette ca 50år. Litt arvegods eg klarte å grine meg til . Den er og heil og fin, men eg trur tidene har tova den litt, så den er litt tjukk og stiv, og det er sjelden eg bruker den. Uansett så er den fin å sjå på og det er det som teller!
Gode gamle

Sidan eg fekk tilbod om ei ny kofte slo eg til og ønskja meg ei "fiskartrøye" frå Austevoll. Etter at eg på slump såg eit bilete av ein ung herremann på facebook med denne kofta på fann eg ut at eg og ville ha! Skjebnen ville det slik at eg faktisk hadde dette mønsteret, dog det er ein dårleg kopi fra 80-talet, men det er ingen hindring. Siden eg ikkje strikker den sjølv antar eg at framdrifta er litt raskare enn det mine plagg har. Fortsettelse følger!

1 kommentar:

  1. Så heldig du er som har så flotte plagg:) Det er alltid gøy med gamle ting man er glad i.

    SvarSlett