onsdag 18. januar 2012

Inn og ut, balanse?

Det store facebook-salget har starta! Eg hadde tenkt å få litt mariusartikler i "butikken" min, og gjekk derfor til garnbutikken for å hamstre inn litt peer-gynt garn. Det skulle bli pannebånd, hue og sokkar. Eg kom heim med dette:


Ja, dåke ser rett. Eg har kjøpt inn garn til Cortina-genser. Garn-damen poengterte at "dette er ikke en marius-gensar". Ups, det trudde eg, men det gjer ingenting for den var så fiiiiiiiiiiiin! Sjølv om eg hadde lovd meg sjølv at eg heretter berre skulle strikke raglanstrikk, etter all banninga som kom under monteringen av fanajakken. Det er godt at eg kjenner to damer i byn med symaskin, ho eine kan strikke og! Så det går sikkert fint! Ein annan ting eg hadde gløymd er at eg allereie har to kofter, ei kofte på veg, to arva gensarar, ein nesten ferdig genser (som sikkert er for liten) og tre strikkekjoler i skåpet, men ein kan vel aldri få for mongen strikkeklede?

Eg har jo heller ikkje gjort ferdig strikket eg held på med heller. Har jo babyteppet eg held på med, og det hastar, for eg trur ikkje det er lenge til han/ho som kanskje skal få det kjem. La oss gamble på at det blir ei jente!

Har jo og strikket votter frå nord, men det er berre nokre omgongar att på siste votten, så det er ikkje noko heft. Trur eg legg frå meg handstrikk boka for denne gong!

Vottar frå sør-varanger til venstre, vottar frå keutokeino til høgre

3 kommentarer:

  1. Hjemmestrikket får man aldri for mye av, så strikk i vei med god samvittighet! Og den genseren du har valgt deg er kjempefin!!!

    SvarSlett
  2. Takk for det Guri! Har prøvd å kommentere hos deg fleire ganger, du strikker jo så masse fint! Men så kjem ikkje kommentar-feltet opp, så da får eg svare her i steden!

    Gleder meg til å begynne på genseren, har akkurat lagt siste tråd på vottane eg held på med, så da kan eg starte på genseren med god samvittiget!

    SvarSlett
  3. Fort å bli "lurt" på strikkebutikken. Da e jo så masse fint der. Og det er så masse ein har lyst til å lage. Lykke til med strikkinga.

    SvarSlett