onsdag 20. april 2011

Slutt for vinterklede-sesongen?

Idag var eg ute ein tur, og oppdaga til min store overasking at det var mogleg å gå ute utan jakke. Ja, det er faktisk så varmt at eg idag har slått av oljeovnen for første gang sidan oktober! Det er gledelige nyhende at det er varmt, men det er og litt trist. Det tyder nemlig på at det er slutt for sesongen der ein kan nytta gode varme strikkeklede! Ein treng riktignok den gode gamle lusekofta fra -98 når ein skal på kysdans i juni og kanskje på andre kalde sommarkveldar, men i det store og heile så er sesongen slutt.

Ein skatt eg har holdt hemmeleg for dåke blogglesarar er ein kjole eg fekk i fjor vinter. Eg har såvitt nemd han i nokre innlegg, men skikkelege bilete har eg ikkje lagt ut. Det er ganske enkelt fordi eg er redd nokon skal bli like forelska  i kjolen som eg vart, og dermed kan få eit ønskje om å strikke den. Eg liker nemleg å føle meg unik, som den gangen da eg gjekk inn på husfliden for å handle garn, og butikkdamene utbraut "Det var en Tine Solheim-dame!" Det har seg nemleg slik at eg i hausten 2009 la merke til dette antrekket på http://www.husfliden.no/ . Det var kjærleik ved første blikk, men eg var lite motivert til å strikke ein kjole. Heldigvis har eg ei snill Mamma som tok på seg oppdraget, og når ho var ferdig så strikke ho jammen meg leggvarmere og! Sjølv strikka eg vottane og hua. Hua skulle bli posehue, men enten så gjorde eg noko feil , eller så var det feil i oppskrifta (Eg trur sjølvsagt at det faktum at eg strikker litt stramt ikkje har noko å sei, og meiner den dag i dag at det var feil i oppskrifta) så posehua vart berre ei hue. Vottane strikke eg iløpet av nokre nattevakter (håper ikkje sjefen min leser dette). Det skulle være flettestrikk og perler på bråtet på vottane, men etter litt prøving og feiling fann eg ut at det var like greitt å strikke vanleg vrangbord.
Garnet var ikkje av det billigaste, ein gang handlet eg for nesten 2000 (og da var eg student, så det seier vel litt om kor mykje eg ville ha desse kleda), men det var verd kvar einaste krone! Såg faktisk eit bilete av ein genser i samme mønster på nettsamfunnet "facebook" for nokre dagar sidan, men der hadde dama strikke genseren UTEN perler, og  ho hadde strikka med vanleg vrangbord uten fletter. Det var ikkje fint. Eg trur faktisk ho hadde strikke i billiggarn og.. Det var ihvertfall ikkje like fargar som i min fin kjole. Nei, Frk Solheim hadde nok gremmet seg hadde ho sett den genseren. (Ja eg er ein garn-snobb...).

Votter, med hue i bakgrunnen

Leggvarmerene! Desse kom godt med i vinterkulda 2011

Skulderparti av kjolen

Sa nokon POSEhue?

Dette bilete viser ikkje rettferdighet ovenfor kjolen, men det er vanskeleg å være både fotograf og modell samtidig :)
Har enda rester etter kjolen hua osv, så no har eg bestemt meg for å strikke sokkesko i det brunegarnet, og dersom det er meir brunt igjen skal eg strikke ein enkel kjole i blått og brunt. Det blir påskens prosjekt og eg trur det vert stilig!

1 kommentar:

  1. Det var virkelig en flott kjole, og veldig gjennomført med tilbehør i samme mønsteret. Skjønner godt at du investerte både tid, fint garn og penger i denne. Jeg er også en garnsnobb, nemlig;-)

    SvarSlett