lørdag 2. april 2011

Visst eg vann i lotto...

Visst eg vann i lotto ville eg kjøpt meg ein garnbutikk. Nei! Eg ville kjøpt husfliden! Tenk å ta inn kataloger med eine strikkeoppskrifta etter den andre.. Være omgitt av nokre av Noregs flottaste bunader.. Hylle opp og hylle ned med garn.. Stikkepinner i alle strørrelser og fasonger. Oooh! No veit de kva eg ønskjer meg til jul!



Ellers så har eg strikket ferdig den venstre vanten OG festet alle trådene. Well done! Den høgre vanten er under produksjon, og eg har allereie byrja på mønsteret. Lukter eg ferdige vanter innen onsdag? Synd det snart er vår, men eg kan sikkert bruke dei på ein kald kveldstur opp til fløyen!
Ferdig vante og påbyrja vante. Så søte dei er ilag!

Bjørneklo: Fasongen ei hand kan få om ein strikker for masse


Litt tabbe å ta naturkvit istedenfor krittkvit, for den grønne fargen kjem ikkje godt nok fram, og dermed kjem ikkje mønsteret til sin rett


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar