søndag 17. april 2011

Arm-Failed

Arm nr 3 til setesdaltrøya er no ferdig. 4cm lenger enn dei to andre. Det viste seg at eg hadde strikket dei to første i forskjeligge størrelser, ein i 8mnd og den andre i 12mnd. Då seier det seg sjølv at det må strikkes ein ny arm. Desverre viser det seg at eg no strikker litt lausere enn eg gjore i 2004, og resultatet ser de her:

Tre armer side om side. Som de ser er den sist ermen, altså den til høgre, hakket lengre enn dei to andre. Fail!

Her ligger alle tre oppå kvarandre. Stor skilnad! Den siste ermen har 16cm  lusestrikk. Det skal berre vere 10,5cm. *argh* 


Om ikkje anna så er bolen nesten heilt ferdig. Planen er å sy i saumar i klippekanten, så kan eg strikke på bordene og halskanten, så får eg la være  å  sy saman skuldrene. Etter ein liten pause er planen å strikke to nye ermer, der eg følgjer oppskrifta slavisk. Det er håp!

Lyspunktet: Bolen er ferdig, og det er berr eca fire tråder til som skal festes!

I mellomtia har eg innvilga meg tillatelse til å ha eit trøsteprosjekt: Tanteteppe fra mjuk start, i fint mønsterstrikk! Har lenge villa strikke dette teppet, og planen var å strikke det i kvitt. Det var heilt til eg såg denne sjokkrosa fargen! *Liker!*
Trøsteprosjekt..
Teppet strikkes i fritidsgarn fra sandnesgarn. Anbefalt garn i boka var vamsegarn fra rauma, men det ryktas at fritidsgarn var mindre "stikkete" enn vamse, så då vart det den!

2 kommentarer:

  1. Hei, så artig at du stakk innom bloggen min. No legg eg deg til på lista mi :-). Er spesielt glad i bloggar på nynorsk. Ein treng eit trøysteprosjekt når ein må strikka oppatt...

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg ser at du er flinkare i nynorsk enn det eg er, men med litt andre nynorsk-bloggar skal eg nok ta opp att tråden fra vidargåande med minimalt raude strekar på stilane mine! (Hugsar best den gongen eg hadde bomma totalt på å/og, men no trur eg at eg har lært).

    Trøysteprosjekt er kjekt, men samtidig er det ikkje bra for psyken, eg blir gal av all restetråden så sleng her på min all for lille hybel..

    SvarSlett