torsdag 28. april 2011

Tine Solheim versjon mini

Her går det fortsatt i rester. I påskeferien avleverte eg nokre strikkeplagg heime hjå mor og far, for så å ta med nye rester heim att. Hadde ca 8 store og små nøster mirasol garn att etter Tine Solheim-kjolen og desse måtte brukast til noko fint. Allereie før påskeferien hadde eg strikka nokre små sokkesko i det brune garnet, og sidan det var så lett å strikke kjole (sjå innlegget under) så fann eg ut t eg kunne strikke ein blå og brun kjole med restegarnet. Etterkvart som eg strikka fann eg ut at eg ville ha eit element av perler og solheimmønster på kjolen, og slik vart det. Skulle eg strikka kjolen om att ville eg ha auka med ca 10-1 masker rett før mønsterstrikket, rett og slett fordi det vart eit aldri så liten innsving i kjolen der mønsteret starta. Ser ikkje på dette som feil, men som lærdom til neste gang! :O) Har enda mykje igjen, spesielt av det blå garnet, og no har eg starta på ein jakke eg har villa strikke lenge. Det er mykeste myke jakke fra boka myk start (Eg har jo allereie strikka ei slik jakke, men det er mykeste myke jakke 2, og strikkes med ruter. Denne strikkes med fletter). Eg forelska meg nemleg i det brune cashmir garnet, for eg syns jakken såg så fin ut på bilete i boka... Men cashmirgarn er dyrt, så eg fann ut eg kunne "øve" meg med mirasol garnet. Ifølge mine opplysninger er mirasol av samme tjukkelse som cashmirgarnet i boka, og dermed håper eg at eg ikkje går på samme smell som eg gjorde med forrige jakke, der eg brukte 3 ganger så mykje garn som det var forespeila i oppskrifta..


2 kommentarer:

  1. For en vakker kjole/ vest!! Nydelig mønster og nydelige farger! Jeg har ikke strikket denne, men mange andre Myk Start oppskrifter. Likte godt mønsteret du hadde satt på i bunnen:)

    SvarSlett